Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon andre som søkjer for deg.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Send søknaden til
Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom det ikkje er gjort eit vedtak i saka innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når du kan vente at det blir gjort eit vedtak.Søknad om plass ved Straume bu- og servicesenter og Kvednatunet vert handsama i Omsorgssjefen sitt inntaksteam. Inntaksteamet har møte annakvar veke.
Søknadsbehandling
Før saka vert handsama, vil vi kartleggja ønska og behova dine nærare. Om vi ikkje er kjend med situasjonen din, vil heimetenesta ta kontakt med deg og gjere avtale om heimebesøk.
Høve til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klagen sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne hjelpe deg med å skrive klagen. Endeleg klageintstans er den politiske klagenemnda.