Google
Skriv ut print

Dei Utrulege Åra skule og barnehageprogrammet

Generelt

Omtale

Dei Utrulege Åra er eit program for behandling og førebygging av åtferdsvanskar hjå barn. Programmet er utvikla av den amerikanske psykologen Carylon Webster Stratton. Dei tre hovudmåla med skule og barnehageprogrammet er:

  1. Å betra samarbeidet mellom skule/barnehage og heim,
  2. Personalet skal bli betre på gruppeleiing
  3. Auka den sosiale kompetansen hjå barn.


Programmet bygger på sosial læringsteori om at all åtferd er lært, og at ein derfor kan læra seg strategiar og metodar for å handtera og å redusera uønska åtferd.

Personalet får opplæring i

  • korleis  bygga gode relasjonar til barn og foreldre.
  • korleis planlegge/ organisere ( vere i forkant) for å unngå negativ åtferd
  • Korleis bruke ros og positiv merksemd systematisk i arbeid med barn.
  • Korleis handtera uønska åtferd
  • Utarbeida klare reglar og konsekvensar som er kjent for både barn og vaksne


Dei utrolege åra logoHeile personalet deltek i same opplæringa. Samlingane oppmodar til stor aktivitet frå gruppedeltakarane. Innføringa består av seks heile dagar i løpet av ca eit halvt år. I tillegg er det lagt opp til heimeoppgåver mellom kvar samling. Personalet  får rettleiing frå gruppeleiarane.

Målgruppe

Ansatte i barnehagar og skular i Fjell kommune.

Kriterium/vilkår

80 % av personalet må ynskje å delta i programmet

Pris for tenesta

Gratis.

Samarbeidspartnere

Samarbeid med Universitetet i Tromsø (ansvar for implementeringa i Norge).

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Irene Solem Hansen tlf 55097210




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
02.04.2009
Sist oppdatert:
18.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom