Måla for Den kulturelle skulesekken skal vere
- å medverke til at elevar i skulen får eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod
- å leggje til rette for at elevar i skulen lettare skal få tilgang til, gjere seg kjende med og utvikle forståing for kunst- og kulturuttrykk av alle slag
- å medverke til å utvikle ei heilskapleg innlemming av kunstnarlege og kulturelle uttrykk i realiseringa av skulen sine læringsmål.å gje born oppleving av kunst og styrka deira eiga skaparevne.
- å styrkje born si evne til å stille spørsmål, og stimulere til kritisk vurdering.
Den kulturelle skulesekken skal utformast og uavlateleg vurderast ut frå eit sett med prinsipp for ordninga:
Varig ordning
Den kulturelle skulesekken skal vere ei varig ordning for elevar i skulen.
Realisere mål i læreplanverket
Innhaldet i kunst- og kulturtilboda i Den kulturelle skulesekken skal medverke til å realisere skulen sine mål slik dei kjem til uttrykk i den generelle delen i læreplanverket og i dei ulike læreplanane.
Høg kvalitet
Elevane skal møte profesjonelle kunst- og kulturtilbod med høg kunstnarleg kvalitet.
Kulturelt mangfald
Den kulturelle skulesekken skal omfatte ulike kunst- og kulturuttrykk med røter i eit mangfald av kulturar og frå ulike tidsperiodar.
Breidde
Både musikk, scenekunst, visuell kunst, film, litteratur og kulturarv skal vere representerte i Den kulturelle skulesekken. Det skal vere variasjon i formidlingsmåtane.
Regularitet
Elevane skal sikrast eit regelmessig tilbod på alle klassetrinn.
Samarbeid kultur– skule
Arbeidet med Den kulturelle skulesekken skal skje i eit godt samarbeid mellom kultur- og opplæringssektoren på alle nivå. Det skal sikrast god forankring og tid til planlegging i skulen.
Rollefordeling kultur–skule
Opplæringssektoren har ansvaret for å leggje føre- og etterarbeid pedagogisk til rette for elevane, medan kultursektoren har ansvaret for kulturinnhaldet i Den kulturelle skulesekken og for å informere om innhaldet i god tid.
Lokal forankring og eigarskap
Den kulturelle skulesekken må forankrast lokalt, i den enkelte skulen, kommunen og fylket. Dette sikrar lokal entusiasme og gjev rom for mange lokale variantar, slik at alle skal kunne kjenne eigarskap til Den kulturelle skulesekken.
Organisasjon
På nasjonalt nivå vert Den kulturelle skulesekken realisert gjennom eit samarbeid mellom Kultur- og kyrkjedepartementet og Utdannings- og forskingsdepartementet. Det er utnemnd ei Styringsgruppe nasjonalt med likeverdig representasjon frå båe departement. ABM-utvikling og Utdanningsdirektoratet representerer dei respektive departementa sine operative ledd.
Fylkeskommunen v/ Kultur- og idrettsavdelinga har fått ansvaret for å utvikla Den kulturelle skulesekken på fylkesnivå gjennom eit samarbeid med Utdanningsavdelinga v/Fylkesmannen.
Frå og med 2005 fekk Den kulturelle skulesekken i Hordaland ny organisasjonsstruktur. Den 9. desember 2004 kom Prosjektgruppa med ei innstilling til Styringsgruppa om etablering av ein ny organisasjonsstruktur gjennom opprettinga av Rådet for Den kulturelle skulesekken i
Hordaland. På møte den 11. januar 2005 i Styringsgruppa vart det fatta vedtak om ny organisasjonsstruktur og nytt mandat for Rådet.
Styringsgruppa
Fylkeskultursjefen og Direktøren ved Utdanningsavdelinga hos Fylkesmannen i Hordaland er styringsgruppe. For skuleåret 2003/2004 og hausten 2004 er avgjerdsmynde delegert til Rådet for Den kulturelle skulesekken i Hordaland i eit utval av sakar.
Rådet for den kulturelle skulesekken i Hordaland
Med den nye organisasjonsstrukturen vert det lagt opp til brei kommunerepresentasjon. Strukturen tek utgangspunkt i dei seks kursregionane i Hordaland der kvar region har ein representant og vararepresentant i Rådet. Dei etablerte regionane er: Midhordland, Ytre Midhordland, Sunnhordland, Voss-Hardanger, Nordhordland og Bergen.
Med det nyoppretta Rådet vert det lagt opp til at kommunane er partnarar i utviklinga av Den kulturelle skulesekken. Dei valde representantane frå kvar region skal ivareta dei samarbeidande kommunane sine interesser.
Mandat
Rådet skal fungera som referansegruppe og rådgjevande organ for Styringsgruppa.
Rådet skal arbeida fram innstillingar i viktige sakar av prinsipiell karakter, som går vidare til handsaming og vedtak i Styringsgruppa og ev. vidare til fylkespolitisk handsaming.
Rådet vil vera forum for innspel med tanke på prioriteringar innan verkefeltet til DKS – Hordaland.
Organisering
Rådet for Den kulturelle skulesekken i Hordaland skal vera slik samansett:
6 representantar og 6 vararepresentantar frå dei regionalt samarbeidande kommunane i Hordaland (inkludert Bergen kommune med observatørstatus),
2 representantar frå HFK Kultur og idrettsavdelinga,
1 representant og 1 vararepresentant frå NOKU,
1 representant og 1 vararepresentant frå Utdanningsavdelinga ved Fylkesmannen
1 representant og 1 vararepresentant med observatørstatus peika ut av Fylkesutvalet. Det vert høve til å innkalla fagekspertise på ulike fagfelt etter naudsyn.
Rådet for Den kulturelle skulesekken i Hordaland vert leia av prosjektleiar for Den kulturelle skulesekken i Hordaland. Prosjektleiar førebur saker til rådsmøta.
Rådet for Den kulturelle skulesekken i Hordaland skal møtast inntil 3 gongar i året. Funksjonstid for representantane vil vera to år.

Regionsrepresentantane sin funksjon i rådet
Dei valde representantane frå dei 6 regionane skal tala dei regionsvis samarbeidande kommunane si sak og ha med føringar frå kommunane til rådsmøta.
Dei skal representera regionen og ivareta eit perspektiv på regional utvikling av Den kulturelle skulesekken, og ta aktuelle sakar opp til høyring i kommunane.
Dei valde representantane til Rådet for Den kulturelle skulesekken i Hordaland må:
- Ha mandat til å representera heile regionen av samarbeidande kommunar.
- Representera både kultur- og skulesektoren i regionen.
- Ha erfaring som administrativt eller operativt ansvarleg for Den kulturelle skulesekken.
- Sikra eit perspektiv på regional utvikling av Den kulturelle skulesekken.
Regionale arbeidsgrupper
Det er ein føresetnad at det vert etablert eigne arbeidsgrupper i regionane, der alle kommunar skal vera representerte, og der arbeidsgruppene vert leia av dei valde Råds - representantane.
Regionsmøta bør haldast etter naudsyn.

Nettverksmøte med DKS - kommunerepresentantar
Hordaland fylkeskommune vil og arrangera nettverksmøte med alle kommunane 1-2 gonger i året. Nettverksmøta vert hovudsakleg nytta til idédugnad, diskusjonar om satsingsfelt og presentasjonar av tiltak. Nettverksmøta vil, med andre ord, ha funksjon som ”Kulturtorg” og ikkje ha eit mandat i høve til avgjerdsprosessar.
Gruppe for kompetanseutvikling
Hausten 2003 vart det etablert ei eiga gruppe for kompetanseutvikling med ansvar for å koordinera og utvikla kompetansegjevande tiltak i høve til Den kulturelle skulesekken. I tildelingsbrevet frå Kultur- og Kyrkjedepartementet av 2. april 2004 vert det streka under at tippemidlane ikkje skal kunne nyttast til kompetanseheving. Dette endrar føresetnadene for
nedsettinga av denne gruppa, og arbeidet vil frå 2005 bli ein del av verkefeltet til Rådet for Den kulturelle skulesekken i Hordaland.
Utdanningsdirektøren ved Fylkesmannen i Hordaland og Utdanningsdirektøren ved Fylkesmannen i Rogaland har vedteke på møte i Stavanger 16. februar 2005 å samarbeida med Prosjektleiinga for Den kulturelle skulesekken i Hordaland og Prosjektleiinga for Den kulturelle skulesekken i Rogaland om å etablera eit kompetansehevande tiltak knytt opp mot eit felles turnétilbod til grunnskuleelevar i dei respektive fylka. Kva for turnétilbod, vil bli nærare avtala innan året 2005/2006.
Politisk arbeidsgruppe
Komité for Kultur og helse sette ved handsaminga av saka ned ei politisk arbeidsgruppe med tre representantar frå komiteen. Arbeidsgruppa skal arbeida politisk med prosjektet og er representert i det nyetablerte Rådet for Den kulturelle skulesekken i Hordaland.
Administrasjon
Den kulturelle skulesekken er administrativt forankra i Kultur- og idrettsavdelinga i Hordaland fylkeskommune. Fylkeskultursjefen er fagleg ansvarleg.
I fylkeskommunen er det i dag 3 fast tilsette personar i 100 % stilling til å ta hand om DKS i grunnskulen og vidaregåande opplæring; leiar, turnéleggjar og rådgjevar. I tillegg er det tatt inn ein konsulent med kontrakt ut juni 2009 med særleg ansvar for gjennomføring av DKS i vidaregåande opplæring.
Leiar
Hordaland fylkeskommune har oppretta ei full stilling som leiar for DKS. Det er avsett fylkeskommunale midlar over kulturbudsjettet frå og med 2004 for dette føremålet.
Leiar arbeider med overordna utvikling og prosjektstyring og har ansvar for sakshandsaminga til prosjektgruppa og politisk utval.
Leiaren leier arbeidet med utviklinga av Den kulturelle skulesekken i Hordaland, eit fagleg utviklingsarbeid med utgangspunkt i dei politiske vedtaka som er fatta. Fylkeskommunen er tillagd eit ansvar for å sikra at den kulturelle skulesekken får lokal forankring og for ei regional samordning av tilboda. Prosjektet vert utvikla i nært samarbeid mellom skule- og kultursektoren.
Som del av stillinga ligg ansvaret for innhaldet i formidlingsverksemda, og ansvaret for utviklinga av og koordineringa av tilbodet til skular og kommunar. Leiar utarbeidar budsjett og arbeidsplan for turneprogramma. Leiaren har eit nært samarbeid med administrasjonen i Kultur- og idrettsavdelinga og rapporterar til Fylkeskultursjefen.
Fagleg arbeidsgruppe
Ved Kultur- og idrettsavdelinga er det i dag stor kompetanse på ulike kulturfelt som er aktuelle innafor DKS. For å sikra intern koordinering, utløysing av felles ressursar,
idéutvikling og utveksling av kompetanse og nettverk, er det sett ned ein intern arbeidsgruppe med representantar frå dei ulike arbeidsområda i avdelinga. Dette sikrar tilflyt av brei intern kompetanse til prosjektet og sikrar kontakt med ulike nettverka.
I samband med prosjektutvikling vert det etter naudsyn henta inn ekstern kompetanse på ulike kunstfelt.