Google
Skriv ut print

Den kulturelle spaserstokken

Målet med Den kulturelle spaserstokken er :

  • å sørge for profesjonell kunst- og kulturformidling av høy kvalitet til eldre
  • å legge til rette for økt samarbeid mellom kultursektoren og omsorgssektoren, slik at det utviklast gode kunst- og kulturprosjekter lokalt innanfor et mangfold av sjangre og uttrykk
  • å bidra til at eldre får et tilpasset kulturtilbud på arenaer der de eldre befinner seg i dagliglivet

Det er kommunane som har anledning til å søke om midlar frå Den kulturelle spaserstokken. Ordninga ble etablert i 2007 og er en oppfølging av St.meld. nr. 25 (2005-2006) frå Helse- og omsorgsdepartementet og avtalen om konkretisering av Omsorgsplan 2015.

Generelt

Omtale

Den kulturelle spaserstokken skal gi eldre i Fjell eit godt kulturtilbod, på same måte som Fjellsekken gjør det for elevar. For å få til eit variert tilbod treng vi eit godt samspill mellom dei profesjonelle og dei frivillige.

Den kulturelle spaserstokken, som byggar på modellen til Fjellsekken, skal stimulere til tverrfagleg samarbeid mellom kultursektoren og helse- og omsorgstenest i Fjell. Dei elder skal få tilbod om arrangement og aktivitetar innanfor alle kunst- og kulturgenre.

Målgruppe

Den Kulturelle Spaserstokken skal inspirere til og tilby arrangement og aktivitet innanfor alle kunst- og kulturgenrar, bryte generasjonsbarrierar og bidra til å spreie engasjement og livslyst til folk flest.

Visjon for Den kulturelle spaserstokken

"Vi gir menneske muligheiter"

Fjell kommune skal gjennom Den kulturelle spaserstokken, heretter kalla Spaserstokken, vidareutvikle brukarorienterte tenester som gir medverknad og ansvarskjensle.

Kultur er helse

Kultur gir trivsel og livslyst, uansett alder og førleik. Kultur gir opplevingar og bidrar til eit sosialt og aktivt liv. Ein har etter kvart fått brei dokumentasjon på at kultur kan vere eit viktig verkemidel for god helse og trivselsskapande arbeid. Ved å integrere kulturtilbod i helse- og velferdstenester, aukar tilgangen til gode opplevingar for dei med behov for ekstra tilrettelegging.

Bakgrunn

I Fjell kommune har det i lengre tid blitt jobba med Den kulturelle skulesekken - Fjellsekken. I dette arbeidet har vi sett at det har vore positivt å gi eit profesjonelt kulturtilbod til elevar i grunnskulen. Etter initiativ frå Plan- og utbyggingssjefen, ønskjer vi no å starte opp med Spaserstokken i Fjell.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
18.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom