Google
Skriv ut print

Elevar - det fysiske arbeidsmiljøet

Generelt

Omtale

Alle elevar i skolen har rett til eit godt fysisk miljø som fremjar helse, trivsel og læring. Det fysiske innemiljøet omfattar faktorar som luft, temperatur, lys- og strålemiljø, akustikk og mekanisk innemiljø. Utemiljøet femner m.a. om lokalisering, utforming av leikeareal, leikeapparat. Skolen har plikt til å ta stilling til oppmodingar om tiltak frå elevar og føresette som gjeld det fysiske miljøet, og skal innan rimeleg tid gjere skriftleg vedtak.

Målgruppe

  • Elevar i grunnskolen og vidaregåande skole
  • Elevar som nyttar skolefritidsordninga

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Elevar, føresette eller råd og utval som representerer dei, kan be om at det blir sett i verk tiltak som gjeld det fysiske miljøet.

Saksbehandlingstid

Skolen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.

Høve til klage

Når det er gjort vedtak, gjeld dei vanlege klagefristane i forvaltningslova. Klagefristen er tre veker etter at meldinga om vedtaket er motteken. Dersom skolen etter å ha fått tid til å vurdere saka ikkje gjer noko vedtak, kan det likevel klagast som om det var gjort eit vedtak. Klaga må vere skriftleg og grunngjeven. Klaga skal leverast til skolen. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. 




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
10.11.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom