Google
Skriv ut print

Etablerarprøven - serveringsverksemd

Generelt

Omtale

Etablerarprøven skal sikre at ansvarlege for ein serveringsstad har dei nødvendige kunnskapane om økonomistyring og lovgiving som har noko å seie for drifta. Kommunen er ansvarleg for å halde og rette etablerarprøven.

Målgruppe

Styrarar i verksemder som har eller søkjer om serveringsløyve

Kriterium/vilkår

For å få serveringsløyve må styraren av staden ha klart etablerarprøven (dette er ikkje det samme som kunnskapsprøven etter alkohollova dersom ein skal skjenkje alkohol) og ha god vandel. Etablerarprøven er ein fleirvalsprøve. Du vil få 90 minutt til å svare på prøven. For å klare prøven må 40 av 50 svar vere rette.

Pris for tenesta

Beløpet må vere betalt innan prøvetaking.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen vil leggje til rette for at du kan ta etablerarprøven. Opplysningar om læremateriell til etablerarprøven får du i kommunen. Du må ta med gyldig legitimasjon når du møter opp for å ta prøven.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har motteke melding om at du ønskjer å ta prøven.

Søknadsbehandling

Når du har klart etablerarprøven, vil kommunen skrive ut eit bevis.

Høve til klage

Det er ikkje høve til å klage, men du kan ta prøven om att.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
23.02.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom