Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Dersom du ønskjer å få utført vesentlege fasadeendringar, må du ta kontakt med eit firma som kan stå ansvarleg for heile søknadsprosessen. Firmaet vil bli ståande som "ansvarleg søkjar" og sender søknaden på dine vegner. Det vil fungere som bindeledd mellom deg som byggherre (tiltakshavar), kommunen og andre ansvarlege som skal bistå med å gjennomføre tiltaket fram til ferdigstilling.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Saksbehandlingstid
Den raskaste måten å få behandla eit søknadspliktig tiltak på, er å sende inn saka som eit såkalla "enkelt tiltak". For "enkle tiltak" må kommunen gje løyve innan tre veker. (Dette omfattar ei vurdering av om tiltaket oppfyller krava til å vere eit "enkelt tiltak".) Dei viktigaste kriteria her er at ingen naboar har innvendingar og at du har avtale med dei handverkarane (firmaa) som skal stå ansvarlege for gjennomføringa. Det blir difor kravt ein del arbeid før alle dokumenta blir sende inn (ansvarsrettar, kontrollerklæringar osb.). Alle andre saker skal kommunen behandle innan tolv veker. Fristen kan forlengjast dersom tiltaket er særleg komplisert, krev ekstra politisk avklaring eller løyve eller samtykke (vedtak) frå andre styresmakter.
Høve til klage
Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.