Omtale
Fastlegen er ein allmennpraktiserande lege som har inngått avtale med kommunen om å ta del i fastlegeordninga. Alle har rett til å vere knytt til ein fast, namngjeven allmennpraktiserande lege. Fastlegen skal vere tilgjengeleg for pasientane sine og skal prioritere desse framfor personar som ikkje står på lista til legen. Du kan sjølv velje kva for ein lege du vil ha som fastlege, men legen må ha ledig kapasitet og vere med i fastlegeordninga. Du kan velje ein fastlege i ein annan kommune enn den du bur i. Det er frivillig å vere med i ordninga, og du kan fritt velje ein lege som ikkje er med i fastlegeordninga, men då betaler du ein høgare eigendel. Dersom du har foreldreansvar for barn under 16 år, vel du også fastlege for barnet ditt. Du har krav på å behalde fastlegen din når du er på sjukeheim.
Kriterium/vilkår
Du må bu i Noreg. Legen må ha ledig kapasitet.