Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommunen, vil automatisk bli kontakta ved feiing eller tilsyn. Dersom du monterer ny pipe eller eldstad i ein bustad som tidlegare ikkje har hatt det, må det sendast melding til kommunen. Det blir til vanleg levert varsel om feiing eller tilsyn i postkassa dagen før. Dersom tidspunktet ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på annan måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feia. Du kan ikkje rekne med ny feiing før neste runde dersom det ikkje blir gjort ny avtale medan feiaren er i området. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg. Sjå også: www.sotrabrannvern.no
Høve til klage
Dersom feiarvesenet ikkje gjer tenestene sine på ein tilfredsstillande måte, kan du ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er gjorde av brannsjefen, er klagenemnda i kommunen.