Omtale
Framvising av film eller video som næring kan ikkje skje utan konsesjon frå kommunen. Det blir gjeve konsesjon for inntil fem år. Det krevst ikkje kommunal konsesjon for
- å vise film eller video der det ikkje blir kravd betaling for framvisinga
- å vise film eller video i hotellrom
Kommunen og Medietilsynet har rett til å gjennomføre kontroll med at den konsesjonspliktige verksemda blir drive i samsvar med gjeldande regelverk.I Fjell kommune er det Servicetorget som har ansvaret for å gje løyve til filmframvising. Løyve vert gjeve i samsvar med "konsesjonsvilkår for omsetjing og framsyning av film og videogram i næring i Fjell kommune"
Målgruppe
Personar som vil drive framvising av film og video som næring.
Kriterium/vilkår
Film/video som skal visast fram i næring, må vere registrert i Medietilsynet sitt filmregister på førehand. Film/video som skal visast fram i næring til personar under 18 år, må vere godkjend av Medietilsynet på førehand.
Ein skal føre særskilt rekneskap for avgiftspliktig framvising.
Pris for tenesta
Ein må betale ei avgift til Norsk kino- og filmfond på 2,5 % av bruttoomsetninga.
Samarbeidspartnere
Medietilsynet Norsk kino- og filmfond