Google
Skriv ut print

Film og video - konsesjon for omsetning

Generelt

Omtale

Omsetning av film eller video som næring kan ikkje skje utan konsesjon frå kommunen. Konsesjon blir gitt for inntil fem år.

Det krevst ikkje kommunalt løyve for omsetning av film eller videogram i hotellrom eller omsetning av videogram som berre inneheld: 

  • opptak frå offentlege arrangement, framsyningar eller tilstellingar 
  • musikk- eller idrettsstoff 
  • dokumentar-, aktualitets- eller nyhendestoff 
  • forskings- eller hobbystoff 
  • opplysnings- eller undervisningsstoff til bruk i undervisninga ved skolar, universitet og høgskolar og ved vaksenopplæring i organisasjonar og institusjonar som er godkjende etter  vaksenopplæringslova 
  • informasjon om, og reklame for, varer og tenester

Målgruppe

Personar som vil drive omsetning av film eller video som næring.

Kriterium/vilkår

Personar som sel video til kundar, skal ha fylt 18 år. Det kan ikkje seljast video til personar som ikkje har nådd den aldersgrensa som er sett for videogrammet. Videogramma må vere registrerte i eit videogramregister i Medietilsynet. Medietilsynet kan vurdere eit videogram før det blir registrert. Videogramma skal også vere merkte av distributøren.

Pris for tenesta

Ein må betale ei omsetningsavgift per video til Norsk kino- og filmfond. Stortinget vedtek satsane.

Samarbeidspartnere

Medietilsynet Norsk kino- og filmfond

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan få hjelp frå kommunen til å søkje om konsesjon for omsetning av film og video.

Søknadsfrist

Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.

Søknadsbehandling

Kommunen gjer vedtak om konsesjonen.

Høve til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er klagenemnda i kommunen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til klagenemnda for klagebehandling.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom