Google
Skriv ut print

Fjell seniorsenter

Generelt

Omtale

Fjell seniorsenter held til i andre etasje på Sartor Storsenter. Seniorsenteret er ein lokal treffstad der alle kan stikke innom utan å ha ærend eller spesielle interesser. Her kan ein møte gamle og nye kjente over ein rimeleg kopp kaffi, og slå av ein prat i ro og mak. Opningstider: Måndag - fredag kl. 10.00 -15.00

Målgruppe

Pensjonistar i Fjell kommune.

Kriterium/vilkår

Hovudmålet med seniorsenteret er å førebyggje sosial isolasjon og oppretthalde aktivitet blant alle pensjonistar.

Pris for tenesta

Kaffi kr 5, vaflar kr 10.

Samarbeidspartnere

Fjell eldreråd, pensjonistlaga i Fjell kommune og frivillige medarbeidarar. Brukargruppa driv senteret. Fjell kommune leiger lokalet og betaler husleige og straum.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Seniorsenteret er ope for pensjonistar i alle aldrar. Seniorar frå andre kommunar er også velkomne innom.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
13.02.2009
Sist oppdatert:
10.05.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom