Google
Skriv ut print

Førarkort - dispensasjon frå helsekrav

Generelt

Omtale

Dersom du ikkje oppfyller dei helsekrava som blir stilte for å ha førarkort, vil du som hovudregel bli fratatt førarkortet. Du kan likevel få behalde eller fornye førarkortet dersom du får dispensasjon frå helsekrava. For å få dispensasjon vil det kunne bli sett krav til at det blir innført avgrensingar, f.eks. at du berre kan føre visse typar køyretøy, at køyretøyet skal ha spesialutstyr eller at førarkortet gjeld for ein avgrensa periode. Du skal også søkje om dispensasjon dersom du skal skaffe deg førarkort for første gong eller utvide det til tyngre klassar. Det blir som regel gjeve vilkår som skal oppfyllast, for eksempel at du skal bruke spesielle medisinar, ha jamnlege kontrollar hos lege osv. Du må akseptere og signere desse vilkåra.

Målgruppe

Innbyggjarar som ikkje oppfyller helsekrav til førarkort.

Kriterium/vilkår

Det blir ikkje stilt konkrete vilkår for når dispensasjon frå helsekrava kan gjevast, men ein må vere sikker på at søkjaren på tross av tilstanden kan køyre sikkert. Fylkesmannen skal vurdere om trafikktryggingsrisikoen ved sjukdommen skal vegast opp mot behovet for førarkort.

Pris for tenesta

Ved fornying av førarkort må du betale eit gebyr.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Vegtrafikkloven §§ 21 og 24 Forskrift om førerkort m.m. §§ 4-3 og 14-3

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Dersom du er blitt fratatt førarkortet av helsemessige årsaker, kan du søkje om dispensasjon frå Fylkesmannen for fortsatt å ha rett til å køyre bil. Dersom du er førstegongssøkjar eller skal utvide førarkortet ditt til tyngre klassar, må du også søkje Fylkesmannen om dispensasjon frå helsekrava i førarkortforskrifta.

Søknadsbehandling

Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått dispensasjon eller ikkje.

Høve til klage

Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra og grunngje det. Klageinstansen er Sosial- og helsedirektoratet. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen hos Fylkesmannen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Blir vedtaket ståande, vil saka bli sendt til Sosial- og helsedirektoratet.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom