Omtale
Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som byggherre ("tiltakshavar") og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for tiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som berre krev melding, kan du møte kommunen åleine. For søknadspliktige tiltak bør du ha med deg firmaet du har engasjert til å ta seg av heile søknadsprosessen ("ansvarleg søkjar"). Konferansen blir halde før ei eventuell melding eller ein søknad blir sendt til kommunen.
Målgruppe
Alle som skal setje i gang tiltak etter plan- og bygningslova
Kriterium/vilkår
Kommunen pliktar å halde førehandskonferanse dersom du som byggherre ("tiltakshavar"), eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjar, ønskjer det.
Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendige for å førebu konferansen. Dette er som regel situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt skriftleg utgreiing av ønske om dispensasjonar.