Google
Skriv ut print

Fosterheim

Generelt

Omtale

Fosterheim er private heimar som tar imot born til oppfostring på grunnlag av barnevernstenesta si avgjerd om hjelpetiltak eller i samband med omsorgsovertaking. Fosterborn er forskjellige, og det trengst difor forskjellige familiar. Den kommunen som fosterheimen ligg i, har ansvaret for godkjenning og tilsyn av heimen. Det statlege, regionale barnevernsmyndet (Bufetat) har ansvar for den nødvendige opplæringa.

Målgruppe

Personar som har særleg evne til å gi born ein trygg og god heim, og som kan løyse oppfostringsoppgåvene i samsvar med dei føresetnadene som er lagde til grunn om lengda på opphaldet m.m.

Kriterium/vilkår

Fosterforeldra skal alltid nøye vurderast opp mot det individuelle behovet som fosterbarnet har. Dei viktigaste krava er at fosterforeldra er i ein stabil livssituasjon med eit sosialt nettverk rundt seg og trygg lokal forankring, uansett om dei er sambuarar, einslege eller gifte.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Barnevernlova §§ 4-4, 4-7, 4-12, 4-14, 4-22 og 4-23



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
06.11.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom