Google
Skriv ut print

Frådeling av eigedom

Generelt

Omtale

Ynskjer du å dele frå ei tomt eller opprette festegrunn for meir enn 10 år, må du søkje kommunen om løyve. Det er ikkje naudsynt med slikt løyve for deling dersom det er i samband med eit jordskifte som skjer i tråd med ein rettsleg bindande plan. Eit slikt løyve er 1.trinn i ei sakshandsamingsprosess der 2.trinn er å halde ei oppmålingsforretning. Der vil den nye eininga få eige bruksnummer.

Ved ei frådeling må det ikkje koma til forhold som strir mot plan- og bygningslova eller vedteker som er gjort etter denne lova. Difor er krav til søknaden og sakshandsaminga i kommunen den same som for byggjesøknader.

 

Målgruppe

Frådeling kan krevjast av:

  • Den som har grunnboksheimel som eigar av grunneigedom og anleggseigedom.
  • Den som ved rettskraftig avgjerd frå domstolane er kjend som eigar eller festar, eller er tilkjend rett til å krevja at eit bestemt grunnstykke eller anlegg vert oppretta som eiga matrikkeleining.
  • Den som lovleg har overteke grunn eller anlegg ved oreigning (ekspropriasjon).
  • Staten, fylkeskommunen eller kommunen når grunnen er tileigna til offentleg veg- eller jernbaneføremål.

 

Jf. Delingslova kap. 3 § 3-1
Jf. Matrikkellova § 9

Kriterium/vilkår

For å kunna handsame søknaden må desse kriteria vera oppfylte:

  • Nabovarsel må vera sendt ut
  • Ved frådeling av bustadtomt skal:
    Tomta vera sikra lovleg tilkomst over privat veg og ha godkjend avkjørsle frå offentleg veg.
    Tomta vera sikra hygienisk trygt og tilstrekkeleg drikkevatn ved tinglyst dokument, eller på anna måte som kommunen godtar som tilfredsstillande.
    Tomta skal vera sikra ei avløpsløysing, privat eller offentleg, ved tinglyst dokument eller på anna måte som kommunen godtar som tilfredsstillande. Private avløpsløysingar vil i tillegg krevja søknad til kommunen om utsleppsløyve.
  • Tiltak som er i strid med kommuneplan, reguleringsplan eller byggjeplan må handsamast tom ei ordinær dispensasjonssak.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Plan- og bygningslova § 20-1 bokstav m.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Oppmålingsforretning

Vert det gitt løyve har søkjar høve til å rekvirere oppmålingsforretning, då vil ny parsell få eige bnr. I Fjell kommune skjer det automatisk om rekvirent ikkje gjer anna melding. Kommunen har ansvar for å halde oppmålingsforretning. Styrar av oppmålingsforretninga skal sjå til at nye grenser er korrekt. Berre mindre avvik frå kartet som er knytt til løyve vert akseptert. Ein må rekne med noko ventetid før oppmålingsforretning vert tillyst. 

Vedlegg

Vedlegg til søknad: 

  • Situasjonskart i målestokk 1:1000, der forslag til tomtegrenser er teikna inn.
  • Naboar og gjenbuarar skal varslast på eige skjema. Treng søknaden dispensasjon, skal dette kryssast av i skjema for nabovarsel.
  • Erklæring som sikrar lovleg tilkomst til tomta og lovleg framføring av vass- og avløpsleidning. Dersom tomta skal tilknytast offentleg vass- og avløpsleidning må ein søkja FjellVar as om lovleg tilknyting til slike anlegg.
  • Dokumentasjon på biloppstillingsplass, vegrett (dette gjeld frådeling av ny nausttomt).
  • Dersom søknaden krev dispensasjon frå planar må det sendast inn eigen grunngjeven dispensasjonssøknad.

Saksbehandlingstid

Sakshandsamingstida for søknader som ikkje krev dispensasjon er inntil tre månader frå saka er komplett. For søknader som òg krev dispensasjon,  er sakshandssamingstida rundt seks månader frå søknaden er komplett.

Søknadsbehandling

Søknad om frådeling skal vere skriftleg på byggeskjema nr. 5174 og 5880a. Dersom frådelinga/tiltaket krev utsleppsløyve (privat avløpsløysing) må det i tillegg søkjast kommunen om utsleppsløyve. Skjema kan ein òg få utlevert i servicetorget i Fjell kommune.

 

Dersom du ynskjer eit møte med ein sakshandsamar kan du ta kontakt med Fjell kommune si dele-/og byggjesaksavdeling.

Høve til klage

Klagefristen er sett til tre veker frå det tidspunkt de har motteke vedtaket. Klagen skal sendast til kommunen. I klagen skal du føre opp kva/kvifor du klagar på vedtaket.

Kommunen vil kunne rettleie deg viss du treng det. Rett klageinstans er Fylkesmannen i Hordaland. Før ein klagar til Fylkesmannen skal kommunen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Blir vedtaket ståande, vil saka verta sendt til Fylkesmannen.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
11.08.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom