Omtale
Alle middelalderbygningar og ståande byggverk eldre enn 1650 er automatisk freda. I tillegg er om lag 4500 bygningar freda av Riksantikvaren. Ca. 60 % av desse er i privat eige. Hovudansvaret for drift, vedlikehald og utvikling av ein eigedom ligg hos eigaren. Når det gjeld kostnader til å setje i stand og halde vedlike eigedommen, er dette utgifter som i utgangspunktet eigaren må bere sjølv, anten eigedommen er freda eller ikkje. Ein kan likevel få tilskott til vedlikehald av freda bygningar (sjå eiga tenesteomtale "Freda bygningar og anlegg - tilskott"). Ordinært vedlikehald på freda bygningar eller anlegg kan skje utan spesielt løyve frå kulturminnestyresmaktene, og dersom det ikkje er sagt noko anna i fredingsvedtektene. Er du usikker på kva som blir rekna som ordinært vedlikehald, kan du kontakte styresmaktene. Tiltak som er meir omfattande enn ordinært vedlikehald, krev dispensasjon frå kulturminnelova, med mindre fredingsvedtektene til eigedommen seier noko anna.
Målgruppe
Eigarar og brukarar/forvaltarar av freda bygningar og anlegg som vil setje i gang tiltak som går ut over vanleg vedlikehald.
Kriterium/vilkår
Dispensasjon kan bare bli gjeven til tiltak som ikkje går ut over formålet med fredinga, og som ikkje fører med seg vesentlege inngrep i det freda bygget eller anlegget. Eksempel på tiltak som kan krevje dispensasjon, er: skifting av kledning, vindauge eller tak.