Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
For å få fri rettshjelp må du fylle ut eit eigenerklæringsskjema der du gjer greie for den økonomiske situasjonen din. Skjemaet sender du til Fylkesmannen saman med opplysningar om kva saka gjeld. Vel du å ta kontakt med ein advokat, vil denne i mange tilfelle sjølv kunne innvilge fri rettshjelp, eller hjelpe deg med å sende søknaden vidare.
Vedlegg
Legg ved utskrift av den siste likninga eller annan stadfesting på din økonomiske situasjon dersom den har endra seg.
Søknadsbehandling
Hovudregelen er at Fylkesmannen avgjer saker om fri rettshjelp. I enkelte tilfelle kan likevel dette blir avgjort av advokaten sjølv eller av retten ved fri sakførsel.
Høve til klage
Du kan klage på avslag om fri rettshjelp innan ein frist på tre veker etter at du har mottatt vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Klageinstansen er Justis- og politidepartementet. Før klaga blir sendt dit, skal Fylkesmannen vurdere om det er grunn til å endre vedtaket. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til departementet.