Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
For bestilling av time kontakt privatpraktiserande eller fyll ut søknadsskjema og send til kommunen.
Send søknaden til
Dersom ein ikkje kan nytta fysikalsk intitutt, skal tilsvisinga sendast til ergo-og fysioterapitenesta, Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume.
Søknadsbehandling
Ein har ikkje saksbehandling og fattar ikkje vedtak på denne tenesta. Ved skriftlege tilvisingar sender me brev attende innan 14 dagar med melding om at vedkommande står på venteliste.
Vi startar opp behandling etter den prioriteringslista:
1. Prioritet. Skal vera starta opp innan 14 dagar.
- barn 0-1 år
- terminale pasientar
- korttidspasientar
- tilvisningar frå 2.og 3.linetenesta m/vurderingbesøk
- nyopererte
- verderingav tilrettelegging og behov for tekn.hj.mid v/akull funksjonsvikt
- vurdering v/ akull tilvising frå 1.linetenesta
- ansvarsgruppemøte/samarbeidsmøter rundt enkeltpasientar
2. Prioritet.
- barn 1- 7 år
- forebyggende undervising
- trening i daglege aktivitetar, ADL
- behandling i forhold til akutt funksjonssvikt
- vrurderingsbesøk v/nytilvising
- tilrettelegging av bustad
3. Prioritet.
- barn 7år og oppover
- kurativ/palliativ behandling
Høve til klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.