Google
Skriv ut print

Grunnskoleopplæring - retten til gratis opplæring

Generelt

Omtale

Elevane har rett til gratis offentleg grunnskoleopplæring. Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter i samband med opplæringa, for eksempel utgifter til undervisningsmateriell, transport i skoletida, leirskoleopphald, ekskursjonar eller andre turar.

Målgruppe

Elevar i grunnskolen.

Kriterium/vilkår

Du må vere elev i grunnskolen.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen kan ikkje krevje at elevane eller foreldra dekkjer utgifter til materiell eller aktivitetar som er ein del av grunnskoleopplæringa.

Om søknadsprosessen

Høve til klage

Dersom skolen krev betaling for utgifter som er nemnde over, kan du klage til skolen. Dersom skolen ikkje endrar vedtaket eller praksisen sin, kan du vende deg til Fylkesmannen, som fører tilsyn med verksemda i grunnskolen.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
06.11.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom