Google
Skriv ut print

Grupper for barn av psykisk sjuke foreldre

Generelt

Omtale

Når nokon i familien er sjuke, påverkar det heile familien. Dette gjeld både fysiske og psykiske sjukdommar. Mange foreldre med ein psykisk sjukdom, er uroa for borna sine. Det er naturleg å vera uroa, og det er viktig å dele denne uroa med andre.

Uansett sjukdom, er det vanskeleg for alle foreldre å ta vare på borna når ein er sjuk. Som foreldre vil ein alltid det beste for borna sine, og det er ofte vanskeleg å strekke til, sjølv om ein vil.

Mange barn kjenner på at det er deira skuld at foreldra blir psykisk sjuke. Mange tek også eit stort ansvar heime, og passar på både foreldre og søsken.

I Fjell kommune driv vi samtalegrupper for barn som har psykisk sjukdom i familien. Vi trur det er godt å treffe andre i liknande situasjon, både for å ha nokon å dele dette med, og for å lære av. Tema vi tek opp er mellom anna venskap, nettverk, kjensler, å sette grenser, fakta om psykisk sjukdom, håp og meistring.

Sjå brosjyrar for meir informasjon.

Målgruppe

Barn i alderen 8-16 år som har foreldre med psykiske vanskar,  enten dei bur i lag med foreldra eller andre.

Kriterium/vilkår

Barnet må ha bustadadresse i Fjell kommune.

Pris for tenesta

Tilbodet er gratis.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

For meir informasjon eller påmelding, ta kontakt med:
Miljøterapeut Hilde Brennhovd - tlf 55 09 72 44 / 95 26 92 94.

Du kan også få hjelp av fastlegen din, helsestasjonen, barneverntenesta, psykiatritenesta eller DPS om du vil ha kontakt angåande denne tenesta.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
06.02.2009
Sist oppdatert:
10.02.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom