Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan ta kontakt med servicetorget i Fjell rådhus for å få hjelp til å fylla ut søknadsskjema. Når heimetenesta har mottatt søknaden, tek heimehjelpsformidlar kontakt innan to veker og gjer avtale om heimebesøk. Soneleiar vert med. Du vil snarast, og seinast innan to veker etter heimebesøket, få tilsendt vedtak. Ved søknad om heimehjelp i omsorgsbustad med heildøgnsbemanning, ta kontakt med styrar for nærare informasjon.
Vedlegg
Du må leggje ved fullmakt dersom det er nokon som søkjer for deg.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Send søknaden til
Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Søknadsbehandling
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta eventuelt omfattar.
Høve til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom kommunen held fast på vedtaket, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.