Google
Skriv ut print

Heimekompostering av matavfall

Generelt

Omtale

Om lag 30 % av hushaldsavfallet er matavfall frå kjøkenet. Dette avfallet er ein verdifull ressurs som saman med hageavfall kan omdannast til næringsrik kompost. Mange har allereie i dag ein eller annan form for kompostering av hageavfall. Med heimekompostering av matavfall kan du redusere avfallsmengdene med 50–150 kg pr. person årleg. Bur du i eit låghus, vil du som oftast trygt og enkelt kunne kompostere ditt eige kjøkenavfall. For burettslag og sameige kan det gjelde eigne reglar.

Skal du heimekompostere matavfall, må du bruke ein isolert og lukka komposteringsbinge som sikrar at smittestoff frå avfallet brytast ned, at ikkje rotter og fuglar kjem til og at fluger ikkje kan formere seg i komposten. Det blir tilrådd å bruke svanemerka varmkomposteringsbinge.

Målgruppe

Privathushald i kommunen

Samarbeidspartnere

Det lokale avfallsselskapet Grønn kvardag / det lokale hagelagetFjellvar.as

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du vil inngå ein avtale med kommunen. Ta kontakt med Fjellvar.as/renovasjonsselskapet for å få meir informasjon om ordninga.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom