Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du kan kontakte Servicetorget i Fjell Rådhus for å få hjelp til å fylla ut søknadsskjema eller kontakte heimetenesta. Heimetenesta vil då etter avtale koma på vurderingsbesøk kor vi saman med deg vil kartleggje ønskja og behova dine nærare. Ved søknad om heimesjukepleie i omsorgsbustad med heildøgnsbemanning, ta kontakt med styrar for nærare informasjon.
Vedlegg
Legg ved ei fullmakt dersom det er ein annan som søkjer for deg.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Send søknaden til
Fjell kommune, Postboks 184, 5342 Straume
Søknadsbehandling
Snarast og seinast tre veker etter vurderingsbesøk, bli fatta eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått tildelt tenesta eller ikkje, og kva tenesta evt. omfattar.
Høve til klage
Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter pasient- og brukerrettighetsloven klage over dette til Fylkesmannen. Du kan klage på vedtaket innan ein frist på fire veker frå du mottok vedtaket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør forklare kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Send klagen til den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen opprettheld vedtaket, blir klagen send vidare til Fylkesmannen.
Som mottakar av helsetenester kan du etter pasient- og brukerrettsloven også klage til Fylkesmannen på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.