Omtale
Heimeundervisning tyder at foreldra underviser eigne barn sjølve. Kommunen fører tilsyn med heimeundervisninga i samarbeid med foreldra og kan også kalle inn barnet eller ungdommen til særskilte prøver. Dersom krava i lova til heimeundervisning ikke er tilfredstilte, skal kommunen krejve at barnet byrjar i skole.
Målgruppe
Foreldre til elevar i grunnskolen som ut frå ideologiske og/eller religiøse/livssynsmessige grunnar ser heimeundervisning som det beste for barna.
Kriterium/vilkår
Det blir ikkje kravd formell pedagogisk kompetanse. Innhaldet i undervisninga må følgje dei vilkåra som er gitt i opplæringslova med forskrifter. Det må trekkjast grenser mellom privat heimeundervisning og skoleverksemd. Om ein underviser barna til andre, er det skoleverksemd som må godkjennast av departementet.
Pris for tenesta
Kommunen har ikkje plikt til å halde elevane med lærebøker og undervisningsmateriell når dei får heimeundervisning. Retten til heimeundervisning gir ikkje rett til økonomisk kompensasjon frå kommunen. Elevar som får heimeundervisning, har ikkje rett til spesialundervisning.