Omtale
Helsestasjon- og skulehelsetenesta har som mål å skapa tryggleik og førebyggja alvorlege psykiske og fysiske problem for born og unge i ein periode av livet der dei har behov for ekstra støtte og oppfølging. Det førebyggjande helsearbeidet for gravide, born og unge er ei lovpålagt og gratis helseteneste.
Born og unge 6-20 år har rett på skulehelseteneste der dei går på skulen, enten offentleg eller privat skule i kommunen.
Flyktningar og asylsøkjarar som bur eller har mellombels tilhald i kommunen, har rett til naudsynte helsetenester på same måte som andre har tilhald i kommunen.
Vi held til i bygget på Straume helsesenter på Straume.
Tenesta er eit tilbod om:
- besøk på helsestasjon
- førebyggjande psykososialt arbeid
- heimebesøk
- helseundersøkingar
- opplysningsverksemd
- rettleiing og rådgjeving av helsesøster og lege
- svangerskapsomsorg ved jordmor
- tuberkuloseundersøking
- tverrfagleg samarbeid kring brukarane i målgruppa
- vaksinasjon i barne- og ungdomsalder
Kriterium/vilkår
Tenesta gjeld for personar i målgruppa.