Google
Skriv ut print

Individuell plan - koordinering av tenester

Generelt

Omtale

Alle som har behov for langvarige og koordinerte tenester har rett til å få utarbeida ein individuell plan dersom dei ønskjer det. Planen skal vere eit verktøy for samarbeid mellom tenestemottakar og hjelpeapparatet, og mellom dei ulike tenesteytarane. Alle som ønskjer ein individuell plan må søkje om det til Koordinerande eining.

Koordinerande eining i Fjell kommune er ei faggruppe, sett saman av representantar frå fleire fagavdelingar som har  oppgåver knytt til koordinering og individuell plan. Koordinerande eining vil både behandle søknaden og ta stilling til kva tenestestad som skal oppnemne koordinator.

Fjell kommune nyttar eit elektronisk verktøy for Individuell plan, levert av ACOS. Alle nye planar vert utvikla i dette programmet og alle eksisterande papirplanar vert etterkvart gjort om til elektroniske planar.

Tryggleik

Alle som får tilgang til elektronisk IP må logge seg på med unikt brukarnamn, passord og eingangspassord via sms for kvar pålogging. Dette er den same type pålogging som ein nyttar på nettbank - og like trygt. Vi stiller også krav om personnummer for alle deltakarar for å sikre at ein ikkje blandar personar med same namn. Alle som skal ha tilgang til elektronisk IP får ei grunnopplæring som mellom anna fokuserer på tryggleik og i tillegg vil alle som skal vere koordinator få ei grundigare opplæring.

Målgruppe

Personar som har behov for langvarige og koordinerte tenester.

Kriterium/vilkår

Kommunen har plikt til å utarbeide individuelle planar for personar som har behov for langvarige og koordinerte tenester. Staten har ei tilsvarande plikt for pasientar med behov for spesialisthelsetenester.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du kan kontakte kommunen ved å sende ein skriftleg søknad til Koordinerande eining dersom du ønskjer at slik plan blir utarbeidd. Koordinerande eining vil både behandle søknaden og ta stilling til kva tenestestad som skal oppnemne koordinator. Koordinerande eining er leia av leiar for fysio/ergoterapitenesta i Fjell kommune og held til i Terapisenteret på Straume.

Er du i kontakt med kommunalt tilsette innan skule, helse eller sosiale tenester, skal alle kunna rettleia deg vidare.

Høve til klage

Høve til å klage er heimla i den enkelte lova (sjå Lover og retningsliner). Fylkesmannen er klageinstans etter pasient- og brukerrettighetsloven §§ 2-5. 7-2.

Det er retten til individuell plan du kan klage på. Men dersom ein individuell plan ikkje oppfyller krava til kva ein slik plan skal innehalde (sjå forskrifta), kan du også klage på det. Klagen sender du til koordinerande eining.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
20.03.2012
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom