Google

Informasjon frå skolen til ikkje-sambuande foreldre

Generelt

Omtale

I dei fleste grunnskolar går det born som bur saman med berre den eine av foreldra. Det betyr at skolane må ta omsyn til begge heimane når det gjeld informasjon.
  • Dersom foreldra ikkje har felles foreldreansvar for barnet, har også den av dei biologiske foreldra som ikkje har foreldreansvar, rett til informasjon om barnet sin skolegang.
  • Dersom foreldra har felles foreldreansvar for barnet, har begge foreldra rett til den same informasjonen om barnet sin skolegang frå skolen si side.

Målgruppe

Ikkje-sambuande foreldre med born i grunnskolen.

Kriterium/vilkår

Du er forelder med barn i grunnskolen og bur ikkje saman med den andre forelderen.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Når du er den av foreldra som barnet ikkje bur hos, kan du vende deg til skolen og be om å få informasjon direkte. Skolen pliktar å imøtekomme det. Dersom de som foreldre har felles foreldreansvar, treng du ikkje kontakte skolen kvar gong du ønskjer informasjon. Det er tilstrekkeleg at du heilt generelt ber om å få informasjonen. Dersom skolen ikkje får noka oppmoding om å gje slik informasjon, treng skolen heller ikkje gi det på eige initiativ.

Høve til klage

Avslag på krav om informasjon kan det klagast på til Fylkesmannen. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som har gitt avslaget, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir halde ved lag, vil saka bli sendt til Fylkesmannen for klagebehandling.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Skriv ut print
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom