Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Ein må formulere eit forslag om det ein ønskjer kommunestyret eller fylkestinget skal ta stilling til. Ta kontakt med kommunen for meir rettleiing. Blir forslaget avvist fordi dei formelle vilkåra for behandling ikkje er til stades, bør kommunen/fylkeskommunen opplyse initiativtakarane om kva som skal til for at forslaget skal bli akseptert til behandling.
Vedlegg
Støtta til forslaget må vere dokumentert med underskrifter. Det må klart gå fram at underskrivarane gir si støtte til det som forslaget går ut på.
Saksbehandlingstid
Kommunestyret/fylkestinget skal ta stilling til eit forslag innan seks månader etter at det er blitt fremja. Tidsfristen gjeld ikkje dersom forslaget viser til behandling i samband med ei pågåande plansak etter plan- og bygningslova. Initiativtakarane skal bli haldne orienterte om dei avgjerdene som blir tekne med bakgrunn i forslaget.
Søknadsbehandling
Kommunestyret eller fylkestinget må sjølv ta stilling til det forslaget som blir fremja.
Høve til klage
Ein kan ikkje klage over alle vedtak om å avvise ei sak. Høvet til å klage gjeld berre dersom saka ville ha vore eit enkeltvedtak om ho hadde blitt realitetsbehandla.