Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Ein offentleg postjournal er ei liste over inngåande og utgåande post til eit offentleg organ. Her finn du overskrifta på saka og dokumentet, og namnet på sendar eller mottakar av dokumenta.
Send søknaden til
Når du har funne fram til eit dokument som du vil tinge, kan du setje fram eit krav om innsyn. Det sender du til arkivet i kommunen.
Saksbehandlingstid
Kravet om innsyn skal etter offentleglova avgjerast så raskt som mogleg.
Høve til klage
Dersom forvaltningsorganet avslår eit krav om innsyn, skal organet vise til den regelen som er grunnlaget for avslaget. Organet skal vidare opplyse om høvet til å klage og klagefristen. Den som har fått avslag på eit krav om innsyn, kan klage avslaget inn til det forvaltningsorganet som er nærmast overordna det forvaltningsorganet som har gjort vedtaket. Fylkesmannen er klageinstans når avslaget er gjort av kommunalt eller fylkeskommunalt organ.
Klagen skal avgjerast utan ugrunna opphald. I tilknytting til klagebehandlinga kan klageorganet også bestemme at dokumentet skal gjerast kjent heilt eller delvis etter regelen om meirinnsyn.