Omtale
Introduksjonsprogrammet tek sikte på å gje grunnleggjande dugleik i norsk, samt innsikt i norsk samfunnsliv. Det er og viktig å førebu deltakarane på eit aktivt arbeidsliv og motivera til utdanning. Personar som deltek i programm et har krav på introduksjonsstønad. På årsbasis er dette to gonger grunnbeløpet i folketrygda. Deltakarar under 25 år får 2/3 stønad. Programmet skal vere heilårleg og på fulltid og kan vare inntil to år. Det skal setjast opp ein individuell plan ut frå opplæringsbehova til den enkelte. Programmet skal minimum ha opplæring i norsk og samfunnskunnskap og førebuing til deltaking i arbeidslivet. Sjå Fjell vaksenopplæring sine nettsider for meir info:
www.fjell.no/skule/straume
Målgruppe
Nyankomne flyktningar mellom 18 og 55 år som har fått innvilga opphalds- eller arbeidsløyve som lista opp nedanfor. Ordninga gjeld kun personar som er busett etter 1. sept 2003. Gjeld personar som:
A. har fått asyl
B. har fått oppholdstillatelse på humanitært grunnlag, etter asylsøknad
C. har fått kollektiv beskyttelse i massefluktsituasjon
D. er overføringsflyktning med innreisetillatelse
E. er familiegjenforent til personer nevnt under A, B, C og D.
Det er ein føresetnad at personen er busett etter avtale mellom utlendingsmyndigheitene og kommunen, og at det er behov for grunnleggjande kvalifisering.
Kriterium/vilkår
- Personar som har fått asyl
- Overføringsflyktningar med innreiseløyve
- Personar som er innvilga opphalds- og arbeidsløyvee på humanitært grunnlag etter søknad om asyl
- Personar som blir familiegjenforente med personar i dei gruppene som er nemnde over, som ikkje har vore busette her i meir enn fem år
Personar som har fått asyl
Overføringsflyktningar med innreiseløyve
Personar med kollektivt vern i massefluktssituasjon
Personar som har fått opphalds- og arbeidsløyve på humanitært grunnlag etter søknad om asyl
Det er ein føresetnad at personen er busett etter avtale mellom utlendingsmyndigheitene og kommunen, og at det er behov for grunnleggjande kvalifisering.