Google
Skriv ut print

Jegerprøven

Generelt

Omtale

Vil du jakte eller drive fangst, må du først ta jegerprøven. Det obligatoriske jegerprøvekurset går over 30 timar og er lagt opp med både teori og praksis. Etter at kurset er gjennomført, må du ta ein teoretisk eksamen.

Målgruppe

Personar som er 14 år eller eldre og som ønskjer å drive jakt eller fangst.

Kriterium/vilkår

Jegerprøven kan takast av alle som er 14 år eller eldre. Opplæringsjakt på småvilt kan skje frå fylte 14 år til fylte 16 år. (Ein treng ikkje å ha teke jegerprøven.) Opplæringsjakt på storvilt kan skje fra fylte 16 år til fylte 18 år. (Her blir det kravd at ein har klart jegerprøven, og at ein har teke skyteprøven for dei artane som det blir kravd for.)

Pris for tenesta

Kursprisar

Personar over 18 år kr. 2.000,-
Personar over 18 år og medlem av Sotra og Øygarden Jeger og Fiskarforening kr. 1.700,-
Personar under 18 år kr. 1.600,-
Personar under 18 år og medlem av Sotra og Øygarden Jeger og Fiskarforening kr. 1.500,-

I tillegg kjem kr. 250,- i eksamensavgift

Ta kontakt med Svein Bruvik for meir informasjon. Telefon 56 33 36 02 / 917 43 640

Samarbeidspartnere

Studieorganisasjonar Norges Jeger- og Fiskerforbund: www.njff.no Norges Jeger- og Fiskerforbunds lokallag

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Kommunen arrangerer skriftleg eksamen. Dette blir kunngjort i lokalavisa. Kursarrangør/lærar har oversikt over eksamensdatoane. Sotra og Øygarden Jeger og Fiskarforening arrangerer kursa på vegne av Fjell kommune.

Søknadsbehandling

Eksamenssvara blir sendt til Jegerregisteret. Det blir skrive ut bevis for at jegerprøven er teken når du har fullført obligatorisk kurs og klart skriftleg eksamen.

Høve til klage

Du kan ikkje klage på ein eksamen du ikkje har klart. Du kan gå opp til ny eksamen utan å betale ekstra eksamensavgift.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
29.12.2010
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom