Google
Skriv ut print

JordmorHeim i Fjell

Generelt

Omtale

JordmorHeim i Fjell logo

JordmorHeim i Fjell i samarbeid med Helse Bergen, Kvinneklinikken - tilbyr deg og din familie oppfølging i barseltida. JordmorHeim i Fjell er eit nytt samhandlingsprosjekt mellom kommune og helseføretak. Mor og barn som reiser tidleg heim etter fødselen får barselomsorg av lokale jordmødre. Målet er ein roleg og trygg start for den nye familien, kontinuitet i svangerskaps- og barselomsorgen og trygg overføring til helsesøster.

JordmorHeim har tett samarbeid med helsesøstre i Fjell, som vil overta oppfølginga etter den fyrste veka.

Innhald i oppfølginga

Den fyrste veka etter fødsel kjem jordmor på heimebesøk 1-3 gonger. Oppfølginga tilpassast individuelle behov. Ynskjer du ikkje heimebesøk, kan me hjelpe deg på helsestasjonen.

Jordmor tar Føllingsprøve og elles andre naudsynte prøver av babyen. Foreldre får rettleiing om ernæring og stell av den nyføfdde. Mor vil få ammerettleiing, barselkontroll og høve til å prate om fødselen.

Vansklege kjensler etter graviditet og fødsel er ikkje uvanleg. Jordmor og helsesøster er støttespelarar som kan tilby deg ekstra oppfølging i barseltida.

Målgruppe

Barselkvinner, nyfødde og familien.

Kven vil få tilbod om JordmorHeim i Fjell?

Dei fleste får tilbod om jordmorheim i fjell. Unntaka er for tidleg fødde, låg fødselsvekt hos babyen eller forhold som gjer at du eller babyen treng eit lengre opphald på sjukehuset.

Pris for tenesta

Gratis

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

På barselavdelinga får du utlevert ”føllingspakke” om du reiser innan 48 timar. Hugs også å få med deg helse bergen sitt barselhefte.

Jordmor i fjell vil ta kontakt fyrste virkedag etter du har kome heim. Har du ikkje høyrt frå jordmor i fjell før kl 10 fyrste virkedag- ring oss på på vakttelefonen! Send gjerne sms når du reiser frå kvinneklinikken. Oppstår det problem som ikkje kan vente til neste virkedag, kan du ringe barseltelefonen på kk (kvelder, helger og høgtider).

JordmorHeim i Fjell - vakttelefon man-fre 0800 - 1530
954 80 390




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
16.11.2010
Sist oppdatert:
20.12.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom