Google
Skriv ut print

Jordmortenesta

Generelt

Omtale

Jordmor har kontor ved Straume og Ågotnes helsestasjon. For bestilling av time eller informasjon:

  • Straume helsestasjon: tlf 55096810 alle dager mellom kl 08:30 og 13:00
  • Ågotnes helsestasjon: tlf 55096990 tirsd. - onsd. Kl 08:30-13:00
  • Eventuelt send SMS til jordmortelefon: 95480390

Oppfølging frå svangerskap til barseltid

Jordmor tilbyr oppfølging i svangerskapet. Den fyrste kontrollen er rundt veke 8-10, eller når du oppdagar at du er gravid. Jordmor tar alle naudsynte kontrollar av deg og bornet ditt. Du vil få informasjon og rettleiing om graviditet, fødsel og barseltid. Me tilbyr fødselsførebuande kurs og omvising på KK

Dei flleste som har født får tilbod om JordmorHeim i Fjell. Unntaka er for tidleg fødde, låg fødselsvekt hos babyen eller forhold som gjer at du eller babyen treng eit lengre opphald på sjykehuset. Jordmor vil komme heim til deg 1-3 gonger i løpet av den fyrste veka. Me vil ta alle naudsynte prøver av babyen, samt følgje opp amming og den tidlege barseltida. På Kvinneklinikken vil du vil få eit hefte med utfyllande informasjon om prosjektet og barseltida.

Vanngym for gravide i jobb

Som ein del av prosjektet ”gravide i jobb” tilbyr me 

me gravide som i Fjell Kommune vanngym i Straume Terapibasseng tysdagar kl 12:00-13:00. Med på treninga er fysioterapeut og jordmor.

Ta kontakt med fysioterapeut Ana Cascante ana.cascante@fjell.kommune.no - eller jordmor Hilde Langøy - hilde.langoy@fjell.kommune.no -for påmelding. Evt. Send SMS til: 91113798

Målgruppe

Gravide, barselkvinner og nyfødde.

Kriterium/vilkår

Graviditet, fødsel og barseltid.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Dette er ei lovpålagd teneste. Sjå også kommunehelsetenestelova og forskrift om kommunens helsefremjande og førebyggjande arbeid i helsestasjons- og skolehelsetenesta §§ 2-1 og 2-3.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du treng ikkje å søkje om å få svangerskapskontroll. Du kan vende deg til den helsestasjonen du soknar til for å tinge ein time. 
Straume Helsestasjon tlf: 55 09 68 10 ( 0830-1115 og 12-13) eller
Ågotnes Helsestasjon tlf: 55 09 69 90 (tysd og onsd 0830-1300 eller epost: agotnes.helsestasjon@fjell.kommune.no)

Høve til klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
20.12.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom