Omtale
Religion, livssyn og etikk (RLE) skal vere eit fellesfag for alle elevar, uansett religiøs eller livssynsmessig bakgrunn. Undervisninga i faget skal ikkje vere forkynnande.
Elevar skal etter skriftleg melding frå foreldra få fritak frå dei delane av undervisninga som foreldra eller eleven ut frå eigen religion eller eige livssyn opplever som utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn, eller som dei opplever som støytande eller krenkjande. Elevar som har fylt 15 år, gir sjølv skriftleg melding. Til tross for at det er forbod mot forkynning i skolen, kan det oppstå situasjonar som nokre foreldre eller elevar opplever som problematisk. Fritaksretten gjeld alle skolefag. Skolen skal kvart år informere elevane og foreldra om reglane for fritak.
Målgruppe
Elevar og foreldre til elevar
Kriterium/vilkår
Foreldre eller elevar som opplever at undervisninga
er utøving av ein annan religion eller tilslutnad til eit anna livssyn
er støytande eller krenkjande