Omtale
Det kan klagast over alle karakterar som skal stå på vitnemålet. Det kan klagast på standpunktkarakterar, eksamenskarakterar, karakterar til fag- og sveineprøver og kompetanseprøve, realkompetansevurdering og karakter i orden og framferd. Den som har klagerett, kan krevje grunngiving. Ved skriftleg eksamen kan eleven be om å få kopi av eksamenssvara sine når karakteren er fastsett, men ein kan ikkje krevje at karakteren blir grunngjeven.
Kriterium/vilkår
Elevar under 15 år kan ikkje klage utan skriftleg samtykke frå foreldra.