Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Kart og geodata er gjort tilgjengeleg på kommunen si nettside i ei kartløysing. Her er det høve til å søkje på adresse, stadnamn, eigedom og interessepunkt, og skriva ut på eiga datamaskin. Karttypar som er tilgjengelege, er grunnkart (basiskart), ortofoto (flybilete), kommuneplan og reguleringsplanar. Karttenesta er gratis heile døgnet. Kart på nett finn du på: www.bergensregionkart.no.
Avtale om formidling av Geovekst produkt. (Kart og eigedomsinformasjon): Aktuelle brukarar må ta kontakt med Norsk Eiendomsinformasjon AS (NE) for tinging av digitale kartdata gjennom www.infoland.no. Fjell kommune vil ikkje sjølv inngå avtalar. Aktuelle brukarar både private og bedrifter, kan registrera seg hjå Infoland og tinga kart og eigedomsinformasjon der. Digitale kartdata i SOSI format. For øvrig informasjon sjå www.eiendomsinfo.no
Analoge kart - kart på papir, mindre format og få eksemplar kan tingast i Servicetorget i Fjell rådhus. Stort sett kan du få det over disk utan særleg ventetid. Servicetorget opplyser om prisar for analoge kart. Det same gjeld nabolister og situasjonskart til søknad og melding om tiltak etter plan- og bygningslova.
Førespurnad om andre karttypar kan skje til Servicetorget eller direkte til plan- og utbyggigssjefen si avdeling.
Fastmerke er grunnlag for oppmåling/landmåling. Dette utgjer hovudsakeleg polygonpunkt. Fastmerka er markerte med bolt og er som oftast høgdebestemte i gjeldande referansesystem (NGO , Euref 89). Kommunen har eige fastmerkeregister. Fjell kommune nyttar Euferf89 2006 som gjeldane referansesystem. Fastmerkeregisteret er ikkje tilgjengeleg elektronisk.