Google
Skriv ut print

Psykologtilbod for barn og unge

Generelt

Omtale

Vi gjer tilbod om psykisk helsehjelp til barnet eller den unge sjølv, og deira familier.

Vi arbeider også med utviklingsarbeide innan feltet psykisk helse i kommunehelsetenesta, samt gjer tilbod om konsultasjon, rådgiving, rettleiing og kompetanseheving innan feltet psykisk helse barn og unge.

Arbeidsprinsipp

Psykologtenesta vil vere eit lågterskeltilbod med fokus på brukermedverknad. Vi arbeider ut i frå eit meistringsperspektiv, og med korttidsfokus. Bruk av dokumentert effektive metoder i høve til høgfrekvente lidingar som angst / depresjon og åtferdsvansker vert prioriterte.

Vi ønsker å identifisere og gje tilbod til barn i risiko tidleg, for å fremje ei positiv utvikling og for å redusere omfang av vidare negativ utvikling. For å få til positiv utvikling arbeider vi ofte via samarbeide og samspel mellom barn og vaksne.

Direkte hjelp til barn og familiar

Vi gjer direkte hjelp gjennom individuelle samtalar, familiesamtaler eller foreldresamtaler.

Vi gjer også direkte hjelp gjennom gruppeverksemd i Fjell kommune;

Kompetanseheving og utviklingsarbeide

Kommunepsykologane arbeider generelt med utviklingsarbeide for identifisering av risiko,  utvikling av verksomme tiltak, og å fasilitere god samhandling kring Fjell-innbyggarar med trong for samansette tenester.

Vi gjer samarbeidsparter konsultasjon og rådgjevningssamtaler, og vi gjer undervisning om relevante tema for barn og unge si psykiske helse.

Målgruppe

Barn, unge og familiene deira i Fjell Kommune.

Kriterium/vilkår

  • Barn eller unge som har trong for kortvarig og lavterskel psykisk helsehjelp, og som  ikkje har krav på hjelp etter lov om spesialisthelsetenester. 
  • Foreldre som har trong for konsultasjon / veiledning for å støtte / styrke barnet sitt.
  • Sårbare familier med trong for støtte.
  • Avgrensing:
    • PPT gjer utgreiing av lærevansker eller tilpasninger i barnehage og skule.
    • Barn som har krav på hjelp etter lov om spesialisthelsetenester skal tilvisast BUP Fjell for oppfølging. Tilvising skal utarbeidast av barnets fastlege, som kjenner til denne rutinen.

Pris for tenesta

Gratis

Samarbeidspartnere

Helsestasjon, skule, barnehage, PPT, psykiatrisk team, fysio og ergoterpitenesta, barnevernstenesta, spesialisthelsetenesta ved BUP Fjell og DPS Øyane og mange fleire…

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Bruk tilvisningsskjema  som du finner til høgre på nettsida her, eller ring oss på tlf: 55 09 60 00. Vi har ingen sekretær hos oss og ber om forståing for at vi ikkje alltid er tilgjengelege på telefon.

Om du ikkje når oss på telefon kan du ringje sentralen og leggje igjen melding som blir sendt oss på epost.

Send søknaden til

Kommunepsykologane
Fjell kommune
Pb 184
N- 5342 Straume

Søknadsbehandling

Ca 3 veker




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.05.2010
Sist oppdatert:
16.05.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom