Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du treng ikkje søkje om å nytte konfliktrådet sine tjenester. Du kan ta direkte kontakt med konfliktrådet anten via telefon, brev, e-post eller ved personleg oppmøte.
Saksbehandlingstid
Konfliktrådet har ein gjennomsnittleg saksbehandlingstid på ca. 35 dagar (frå da du tok kontakt til saka er ferdig mekla).
Søknadsbehandling
Konfliktrådsleiaren vil vurdere om saka di passar for mekling. Konfliktrådet hjelper med å innhente samtykke til mekling frå andre konfliktpartar. Meklingsmøtet blir normalt gjennomført med éin mekler til stades. Meklaren avgjer om den avtalen partane kjem fram til, skal godkjennast.
Høve til klage
Det er partane sjølve som kjem fram til ei løysing i form av ein avtale. Det er derfor ikkje høve til å klage til konfliktrådet på innhaldet i avtalen. I straffesaker har du ei angrefrist på éi veke. I sivile saker kan partane sjølve avtale ei angrefrist. Du kan klage på vedtak om at konfliktrådet avviser ei sak eller nektar å godkjenne ei avtale innan ei frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga må rettast til konfliktrådet. I klaga skal du oppgje kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngi det. Klageinstans er Sekretariatet for konfliktråda.