Merknader
Har du søkt plass i kulturskulen, ligg søknaden inne til du får tilbod om plass. Du treng ikkje søke igjen.
Når du har sendt inn søknaden på rett måte, får du ein kvittering med ein 6-bokstavskode. Vi sender ikkje stadfesting av mottatt søknad utover dette.
Når du får plass i kulturskulen, har du plassen fortløpande inntil du seier den opp. Vil du gå på eit anna kurs, må du levere ein ny søknad.
Vil du seie opp plassen, kan du bruke det elektroniske oppseiingsskjemaet på nettsidene til kommunen, eller du kan ringe til Fjell kulturskule. Oppseiing er gyldig når du har mottatt stadfesting frå kulturskulen.
(jf. Elevreglementet)