Google
Skriv ut print

Kunnskapsprøven - alkohollova

Generelt

Omtale

Kunnskapsprøven er obligatorisk for styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om allmenn sals- eller skjenkjeløyve for alkohol på fast basis.

Målgruppe

Styrarar og avløysarar i verksemder som har eller søkjer om sals- eller skjenkjeløyve.

Kriterium/vilkår

Kunnskapsprøven om alkohollova er ein fleirvalsprøve. Du vil få 45 minutt til å svare på prøven. For å ha stått i prøven, må 16 av 21 svar vere riktige.

Pris for tenesta

Før du tar prøven, må du betale inn eit gebyr på kr 300,-. Prøven kan du ta fleire gonger dersom du ikkje står. Du må betale gebyr for kvar oppmelding.

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Fjell kommune har avtale med Bergen kommune når det gjeld kunnskapsprøva. Du må ta kontakt med Bergen kommune, kontor for skjenkesaker, dersom du vil ta kunnskapsprøva.

Vedlegg

Legitimasjon

Saksbehandlingstid

Kommunen skal halde prøven innan to månader etter at han har fått melding om at du ønskjer å ta prøven.

Søknadsbehandling

Når du har stått til kunnskapsprøven, får du utskrive eit bevis.

Høve til klage

Du kan ikkje klage, men du kan ta prøven om att.

Merknader

Personar som har tilknyting til ei verksemd med statleg skjenkjeløyve (tog, fly, forsvarets befalsmesser), kontaktar Fylkesmannen.



intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
19.09.2008
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom