Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Søknad om erstatning setjast fram på skjema fastsett av Statens landbruksforvaltning.
Vedlegg
Kopi av offentleg pålegg eller restriksjon, stadfesting på at heile eller delar av pålegget eller restriksjonen er gjennomført, dokumentasjon over tap og annan nødvendig dokumentasjon.
Søknadsfrist
Seks månader etter at pålagte eller frivillige tiltak er gjennomførte.
Saksbehandlingstid
Saka skal behandlast så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein ventar at vedtaket vil bli gjort.
Søknadsbehandling
Det vil bli gjort eit vedtak. I vedtaket går det fram om du har fått erstatning eller ikkje.
Høve til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok det. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det.
Klageinstans er Statens landbruksforvaltning. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen hos Fylkesmannen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Statens landbruksforvaltning.