Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Søknad om deling av landbrukseiendommen skal sendast til kommunen. Søknaden må innehalde beskriving av eigedommen og plassering på arealet det blir søkt om deling av.
Søknadsfrist
Søknader blir behandla etter kvart som dei kjem inn.
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysningar om når ein kan vente at vedtaket vil bli gjort.
Høve til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er fylkeslandbruksstyret. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til fylkeslandbruksstyret.