Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta
Du må bruke skjema frå Statens landbruksforvaltning når du skal søkje om konsesjon.
Vedlegg
Kopiar av heimelsdokumentet (skøyte), kontrakt og takst skal leggjast ved dersom slike dokument finst.
Søknadsfrist
Fire veker etter at avtalen blei gjort eller den som tileignar seg eigendommen fekk råderett over eigedommen.
Send søknaden til
Den kommunen eigedommen ligg i.
Saksbehandlingstid
Kommunen har plikt til å behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan blir avgjort innan éin månad, skal du ha skriftleg svar om årsaka til det, med opplysning om når ein meiner at vedtaket vil bli gjort.
Søknadsbehandling
Kommunen behandler saker etter konsesjonslova. Før vedtak blir gjort, kan kommunen halde synfaring, oppmåling, kartlegging og bonitering av eigedom og busetnad.
Høve til klage
Du kan klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket.
Klaga sendar du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.
Klageinstans er fylkeslandbruksstyret. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til fylkeslandbruksstyret.
Merknader
Konsesjonspliktige eigedommar kan ikkje bli tinglyst før det er gjeve konsesjon.