Omtale
Kommunen skal godkjenne nybygging eller ombygging av landbruksvegar. Det skal leggjast vekt på at vegen fremjar rasjonell landbruksdrift og tek vare på heilskaplege løysingar for skogbruk og jordbruk, uavhengig av eigedomsgrenser. Dei miljømessige konsekvensane som bygging og bruk av vegen vil ha for naturmiljø, landskap, kulturminne og friluftsliv, vil òg bli vurderte. Skal du opparbeide oppstillingsplass eller ein enkel driftsveg som berre fører til små inngrep i terrenget, treng du ikkje godkjenning.
Kriterium/vilkår
- Ved bygging av landbruksvegar med ei lengd på over 15 kilometer skal det liggje føre ei godkjend konsekvensutgreiing før det blir gjort vedtak
- Avkøyringar frå offentleg veg og velteplassar som blir lagde inn til offentleg veg, skal på førehand vere godkjende av vegstyresmaktene
I samband med sjølve godkjenninga kan kommunen mellom anna setje vilkår for
- linjeføring, teknisk utforming og miljømessig tilpassing av vegen
- skogsdrift (for vegar til skogbruksføremål) dersom det er påkrevt for å ta vare på dokumenterte miljøverdiar
Vedtaket kan òg setje vilkår som avgrensar motorisert ferdsel på vegen, for eksempel å stengje vegen med bom.
Samarbeidspartnere
Fylkesmannen skal ha høve til å uttale seg før kommunen gjer eit vedtak. Det gjeld òg kulturminneforvaltninga i fylkeskommunen, Samisk Kulturminneråd og reindriftsagronomen når vegen kan ha noko å seie for interessene i fagområda deira.