Google
Skriv ut print

Legevakt

Generelt

Omtale

Legevakttenesta er eit samarbeid mellom Fjell og Sund kommune. Legevaktsentralen har telefonnummer 56 33 26 10 og vert besvart heile døgnet av sjukepleiar. På dagtid har fastlegane vakt ved øyeblikkeleg hjelp, frå kl. 15.30 til neste morgon er det 1 vaktlege som er i beredskap.

 

Legevakt er for øyeblikkeleg medisinsk hjelp ved akutt sjukdom eller akutt forverring av kjend sjukdom, der medisinsk hjelp ikkje kan vente til neste virkedag. Annan medisinsk hjelp skal ein kontakt sin fastlege.

Målgruppe

Alle som held til i kommunen.

Kriterium/vilkår

Du må vere i kommunen og ha behov for akutt legehjelp.

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta, jf. kommunehelsetenestelova § 1-3 andre leddet nr. 2.

Om søknadsprosessen

Høve til klage

Dersom du meiner du ikkje får nødvendig helsehjelp frå kommunen, kan du etter kommunehelsetenestelova klage over dette til kommunen og deretter til Helsetilsynet i fylket. I klagen må du greie ut om kva forhold det er du klagar over. Du bør beskrive kva du ønskjer endra, og grunngje dette. Kommunen vil kunne rettleie deg. Klagen blir send den instansen i kommunen som har behandla saka. Dersom kommunen held fast ved avgjerda si, blir klagen send vidare til Helsetilsynet i fylket.

Som mottakar av helsetenester kan du etter pasientrettslova også klage til Helsetilsynet på sjølve utføringa av tenesta. Klagen skal først sendast kommunen eller direkte til tenesteytaren slik at det skal vere mogleg å løyse saka på det lågaste nivået.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
28.04.2011
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom