Omtale
Lag, organisasjonar og enkeltpersonar kan søkje om å leige kommunale anlegg til enkeltarrangement. For søknader om fast leige/treningstid, sjå eigen informasjon i menyen til høgre.
Utleiga føl skuleruta, og det er såleis ikkje høve til å leige anlegga i skuleferiane. Det kan gjerast avtale om unntak frå denne regelen ved spesielle høve.
Enkeltarrangement skal så langt det er mogleg leggjast til laurdag eller søndag. Lag som allereie disponerer fast treningstid ved anlegget skal så langt det er tenleg nytte sine eigne tider til gjennomføring av arrangementet.
Sjå menyen til høgre for oversyn over ledige/opptatte tider.
Målgruppe
Alle lag-, foreiningar og privatpersonar
Kriterium/vilkår
For å sende inn ein søknad må ein på førehand ha lest gjennom krava som vert sett til leigetakarar.
1. Krav til leigetakar
- Ansvarleg leigetakar må vera over 18 år.
- I tillegg til trenar/leiar skal det alltid vera ei tilsynsvakt tilstades ved anlegget.
- Leigetakar er sjølv ansvarleg for vakthald, eventuelt i samarbeid med oppnemnd tilsynsansvarleg i utleigelokalet. For større arrangement vert det kravd at vaktliste med namn, fødselsdato og kontaktinformasjon (adresse og telefonnummer) vert lagt ved søknaden.
- Leigetakar må syte for naudsynt melding/søknad til politi og/eller brannvernmyndigheiter før arrangementet, jf politivedtektene (sjå retningslinjer i menyen til høgre).
- Hovudansvarleg for arrangementet må syte for kontakt med tilsynsansvarleg for anlegget for informasjon om brannvernrutiner m.v. Leigetakar pliktar å setje seg inn i desse rutinane før bruk av anlegget.
- Ved utleige av symjebassenga må leigetakar dokumentere at trenar/leiar har gyldig livredningskompetanse. Det skal til ei kvar tid vere to godkjende livreddarar per 15 badande, og desse skal føre kontinuerleg tilsyn frå land.
2. Melding til politi/brannvern
- Både opne og lukka arrangement kan utløyse meldeplikt eller søknadsplikt til politiet, og leietakar er sjølv ansvarleg for å innhente naudsynt godkjenning.
- I Fjell kommune sine politivedtekter §23 heiter det at alle selskaplege arrangement på offentleg stad, anten dei er opne for alle eller berre for laget sine medlemmer, skal meldast frå om til politiet seinast 1 veke på førehand.
- Vidare heiter det i §22 at alle arrangement med eit slikt omfang at dei vil medføre behov for vakthald eller regulering av ferdsel er søknadspliktige til politiet, seinast 4 veker før.
- Melding skal sendast til Sotra og Øygarden lensmannskontor, Postboks 113, 5341 Straume eller post.hordaland@politiet.no.
3. Rapportering av skade og uønskte hendingar
- Ved skade og uønskte hendingar rapporterer leigetakar til tilsynsansvarleg eller vakttelefon for kommunale bygg 47 60 61 22. Ordninga gjeld heile døgeret frå kl.15.00 - 07.30.
Pris for tenesta
Tilbodet er gratis i gymsalar, idrettshallar og uteanlegg når føremålet er frivillig verksemd. For symjehallane gjeld eigne satsar, med reduksjon eller fritak for grupper med særlege behov.
Dersom arrangementet kan karakteriserast som kommersiell verksemd vil uansett leigetakar bli fakturert etter gjeldande satsar.
Det kan i begge tilfelle tilkomme eventuelle kostnader for sluttreinhald og/eller vaktmeistertenester.