Omtale
Lag og organisasjonar kan søkje om fast leige av kommunen sine idrettshallar, gymsalar, uteanlegg og symjebasseng. For utleige til enkeltståande arrangement/treningar, sjå eigen informasjon i menyen til høgre.
Det gjeld eigne politisk vedtekne retningslinjer for kven som kan få tildelt treningstid. Aktivitetar retta mot born og unge skal prioriterast i fordelinga.
Utleiga føl skuleruta, og anlegga er såleis stengde på dagar med elevfri.
Følgjande anlegg er tilgjengelege for utleige:
Gymsalar – 17 stk – frå kl.16.00 - 22.00
Idrettshallar - 3 stk – frå kl.15.00-23.00
Uteanlegg – 4 stk – frå kl.08.00-23.00
Symjebasseng – 4 stk – frå kl.16.00-21.00
Målgruppe
Alle lag- og foreiningar.
Kriterium/vilkår
1. Leigetakar pliktar å setja seg inn i innhaldet i utleigeperm som og finnast i alle utleigelokala.
- Trenar/leiar for gruppe må vera over 18 år.
- I tillegg til trenar/leiar skal det alltlid vera ei tilsynsvakt tilstades ved anlegget.
- Leigetakar er sjølv ansvarleg for vakthald, ev. i samarbeid med hovudansvarleg for vakthald i utleligelokalet.
- Lag som ikkje brukar tildelt tid, misser denne automatisk etter ein månad.
- Det same gjeld dersom ein gjentekne gonger stiller utan vakthald/tilsyn.
- Det er berre personar som har treningstid som skal opphalde seg i utleigelokalet.
2. Leigetakar har og ansvar for:
- Saman med tilsynsansvarleg, setja opp vaktlister og senda inn oppdaterte kontaktlister til Fjell kommune med kopi til leigestaden.
- Halda orienteringsmøte med synfaring i utleigelokalet der ein vidareformidlar informasjon til einskildtrenarar og vakter, sjå utleigeperm.
- Sjå til at alle som trener har brannøving.
- Rapportera om eventuelle skade på bygg og inventar og eventuelle ureglementære hendingar.
3. Leigetakar som leiger symjebassenga har ansvar for:
- Livreddarkurs:
Søkjarar til alle symjebassenga må dokumentere at trenar/leiar har livreddande kompetanse eller er villeg til å delta på kurs med årleg oppdatering, jf.forskrift om badeanlegg og bassengbad.
Terapibassenget på Straume er til terapeutisk bruk, og har difor strenge krav i høve utleige. Saman med søknaden må det ligge ei grundig spesifisering av brukargruppa det vert søkt for. Vi må ha ei skildring av aktiviteten til søkjargruppa, kven og kor mange som er med i gruppa. I tillegg vil vi vite kvifor dykkar gruppe har trong for varmtvassbasseng.
Pris for tenesta
Tilbodet er gratis for gymsalar, idrettshallar og uteanlegg. For symjehallar gjeld eigne satsar per halvår, sjå menyen til høgre.