Google
Skriv ut print

Levegg

Generelt

Omtale

Dersom du ønskjer å setje opp ein levegg for for eksempel å hindre innsyn, treng du normalt ikkje å sende inn melding/søknad til plan- og bygningsmyndigheita i kommunen. Leveggen kan vere frittståande eller festa til ein bygning. Det er likevel ei rekkje vilkår som må oppfyllast. Ønskjer du dispensasjon frå gjeldande føresegner, må du i alle fall sende ein søknad.

Det er ikkje noko formelt krav om nabovarsel, men det kan ofte vere ein fordel at du snakkar med naboar og tverrbuarar som kan tenkjast å bli berørte av tiltaket. Du kan da gjere det klart at det ikkje er nødvendig å sende inn melding/søknad, så sant tiltaket ikkje medfører urimeleg ulempe eller er til sjenanse.

Målgruppe

Hus- og tomteeigarar

Kriterium/vilkår

Generelle vilkår:
  • Det må vere eit mindre tiltak som ikkje fører til fare eller stor ulempe for omgivnadene
  • Leveggen må oppfylle alle relevante byggtekniske krav
  • Leveggen må ikkje vere i strid med plan- og bygningslova
  • Leveggen må ikkje vere i strid med arealdelen i kommuneplanen, reguleringsplan eller utbyggingsplan
Særskilde vilkår:
  • Maksimum høgd er 1,8 meter
  • Maksimum lengd er 10,0 meter
  • Minimum avstand til nabogrense er 4,0 meter, med mindre leveggen er eit skilje mellom seksjonar i rekkjehusbygg som ikkje er frådelte tomter
  • Tiltaket skal plasserast innanfor byggjegrense fastsett i reguleringsplan, veglova eller jarnbanelova

Lover og retningslinjer

Gjeldande lov - og regelverk

Plan- og bygningslova §§ 93, 70 og 74.2

Om søknadsprosessen

Rettleiing - korleis få utført eller motta tenesta

Du treng ikkje å sende melding/søknad til kommunen dersom byggjetiltaket oppfyller vilkåra over. Er du i tvil, så kontakt kommunen for å få meir informasjon. Hugs at du står sjølv ansvarleg for at byggjetiltaket ikkje skjer i strid med dei nemnde reglane.

Høve til klage

Tiltak som er unntatt søknadsplikt, kan ikkje påklagast av naboar og andre berørte. Dei må be kommunen gripe inn. Kommunen vil vurdere om innvendingane er rettkomne.

Kommunen kan - i spesielle tilfelle - konkludere med at tiltaket er i strid med regelverket eller anta at tiltaket medfører sjenanse for omgivnadene. I slike tilfelle må tiltaket behandlast som ein søknad. Vedtaket frå denne behandlinga kan påklagast av partane, deg eller naboane. Klagefristen er tre veker frå du mottok vedtaket. Klaga sender du til den instansen som har gjort vedtaket. I klaga skal du føre opp kva du ønskjer endra i vedtaket og grunngje det. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing. Klageinstans er Fylkesmannen. Før klaga blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, vil saka bli sendt til Fylkesmannen.




intern Interne lenker ekstern Eksterne lenker (nytt vindauge)

Publisert:
11.09.2008
Sist oppdatert:
20.01.2009
Fjell rådhus, Straume, Postboks 184, 5342 Straume, Telefon: 55 09 60 00, E-post: postmottak@fjell.kommune.no

Utvikla i samarbeid med Sem & Stenersen Prokom