Omtale
MOT har livet til ungdom i sentrum
MOT bevisstgjør ungdom til å ta egne val og vise mot –
MOT til å leve, MOT til å bry seg, MOT til å si nei
Gjennom MOT sine skulebesøk og haldningsarbeid får ungdom verktøy til å gi positiv energi til seg sjølv og sine omgjevnader.
MOTs mål
- Robuste ungdommar som tar bevisste val og trur på egne krefter
- Varme og trygge miljø der ungdom gjer kvarandre verdifulle, og forskjellar vert akseptert
MOTs Visjon
Varmare og tryggare oppvekstmiljø
MOT vart starta av norske toppidrettsutøvarar. Initiativtakarar var skøyteløyparane
Johann Olav Koss og Atle Vårvik.
MOT-navnet vart vald på grunn av ordet si styrke. Mot er den viktigaste eigenskapen eit menneske kan ha. MOT er nødvendig for integritet.
Elitelag i fotball har spilt med MOT på ryggen sidan 1997. MOT vert finansiert av stat, kommunar, skular, stiftingar og næringsliv.
Lokalsamfunn med MOT
Lokalsamfunn med MOT er ein modell for å nå best mulig inn til ungdom med MOT sin filosofi og bodskap.
Lokalsamfunn med MOT er en heilskapsmodell:
- Der toppleiarane i lokalsamfunnet og skulane har eigarskap til MOT og ser stor glede av MOT sitt haldningsarbeid.
- Der MOT er en raud tråd på ungdommen sine arenaer – m.a gjennom programmer i skulen, tiltak på fritidsarenaen, kommunikasjon i media og tilgjengeleg identitets symbol slik at det å ta egne val og mot til å bry seg kan bli ein livstil for ungdom som ønskjer det.
- Som har et tamburinteam – lokale team med forskjellige roller frå forskjellige samfunnsgrupper, som skaper felles forståing og deler kunnskap og inspirasjon.
Tall og fakta om MOT:
- MOT har 2208 lokale medarbeidarar i Norge (MOT-informatører, MOTivatører og Ungdom Med MOT).
- Sidan 1997 har MOT-medarbeidarar lytta til ca. 490.000 drømmer og favorittfølelsar - gjennom nærhet og augekontakt med ungdom.
- Sidan 1997 har ca 220.000 ungdommar opplevd MOT sine program
- Sidan 1997 har MOT bevisstgjort, og styrka motet til, minst 135.000 ungdom, viser evalueringar.
Målgruppe
Målgruppa er ungdom frå 8 klasse og opp til 19 år som bur i Fjell kommune. Ungdomane skal møta MOT i skule og fritid.
Samarbeidspartnere
Mot samarbeider med ulike bedrifter og næringsliv over hele Norge.